top of page

DIMNA

INFORMASJON

Eit flott svafelt for dei første ledeforsøka og for ferske vertikalistar. Feltet er 10-15m høgt og byr variert klatring med alt frå sva med gode bøttetak til tynne riss og små hol i fjellet. Dei fleste rutene kan ein klatre med trad-utstyr, men i 2019 vart fleire ruter bolta for å gjere det meir brukervennlig. Vist ein ønsker å topptaue rutene går ein stien opp på høgresida av klippa og festar tauet inn ved å lene seg over kanten. Eventuelt kan ein sikre seg i rappelfeste inn på hylla. Her er det også fint å øve på rappelering. I midten på  rute nr.5 er det lagt inn to bolter for øving på standplass med tanke på fleire taulengder i fjell. Ved leding på bolt er det fint med åtte kortslynger.

 

ADKOMST

Kjør mot Dimnøya, i krysset etter Straumane tek du til høgre, og kjører ca 4km langs denne vegen til du ser ein skule på høgre sida av vegen. Etter den skulen ser du til venstre, og ca 300m lenge framme dukkar klipper fram ved enden av eit jorde til venstre for vegen. Parker i lomma på nedsida av veien og lag plass til at traktorar kan passere. Følg ytterkanten av marka og der etter stien fram til klippa.

KLATRERFØRER

Forer juni2020.png
Skjermbilde 2020-01-02 kl. 16.40.56.png
bottom of page