top of page

KLATREKOMPIS

28923_thumb.jpg

For å lettare kome inn i uteklatringa vil klivrelaget bidra med gode løysingar. Vi har difor kjøpt inn utstyr som medlemmar med brattkort kan låne gratis. I tillegg starter vi i  2021  med kompisklatring.

 

Klivrelaget sin kompisordning har som målsetting å skape ett større miljø for at yngre personer som er interesserte i fjellklatring får øynene opp for klatring utandørs. Her kan ein ta kontakt med ressurspersoner i klubben som kan og vil bidra til opplæring i klatring. Under lister eg opp ulike personar som du kan ta kontakt med om du ønsker å bli med ut på klatring. Person- og kontaktinformasjon står oppført ved kvart bilde.

Klatresekken finner du med Tobias på Dimnøya. Denne kan du låne i tre dagar i slengen. Det vil seie at du kan hente den eine dagen, bruke den neste og levere inn att den tredje. Kravet for å låne sekken er at du er medlem med årskort og har brattkort. Inne i klatresekken finner du tau(70m), kortslynger x16, hjelm x2, karabiner, sikringsbrems x2, klatrerfører for området, kniv og diverse hjelpemiddel til klatring utandørs. Sko og sele må ein stille med sjølv. Så her skal det vere nok til å prøve klatring utandørs.

Kontakt Tobias på 950 29100 - Sundgotvegen 120

 

Klatretelt har vi lagra på Ulstein Arena og kan lånast ut til medlemmar som ønsker å overnatte i høgda. Vi vil forsøke å plassere denne ut på eitt av felta slik at folk kan ta seg ein natt i luftige omgivelsar. Vist du har eigne planar om å teste dette ut så ta kontakt ein i klivrestyret.


 

Klatrekompis - tore lundberg

TORE LUNDBERG

1957
Halvstudert og pensjonert IT-nerd
Gift, 3 barn, 8 barnebarn, bur på Moltustranda

Kontaktinformasjon

95436980 / luntor(at)broadpark.no 

ikkje på noko sosial plattform.

Jobbar tirsdag, onsdag og torsdag - ellers fri.

Har klatra på klipper høgt, lavt, vidt og breidt sidan ‘73 - mest i Molladalen. Vore med å utvikle klatreområder på Sunnmøre sidan ‘74.Besøkt mange av dei internasjonale destinasjonar eg las om i Mountain magazine.Har klatra fleire av prestisjerutene til heltane frå ‘70- og ‘80-talet.

Trakka i mange salatar og fått mykje kritikk, men er æresmedlem i Sunnmørsk klatreklubb. Har sett meg godt inn i klatring sine definerande faktorar - som stil og etikk. Sit i NTK sin etikkomite.

klatrekompis - tobias hatløy

TOBIAS HATLØY

1986
Heilstudert praktiker
Gift, kids, hund og lever A4 på Sundgot.

Kontaktinformasjon

95029100 / thatloy(at)gmail.com

Finst på sosial plattform.

Jobbar sporadisk

Har klatra i øst og i vest, sør og nord. Er ivrig på dei lokale felta og ønsker å dele klatregleda vidare. Sitter i klivrelaget sitt styre.

bottom of page